Original tekst i 2013 Langfoss er ein av dei største turistattraksjonane i regionen.
Langfoss med stor vassføring ein vårdag. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Ekstrem vassføring

Varslar flaum i Sør-Noreg

Indre Haugalandet unngår truleg den store flaumen som NVE varslar for store deler av Sør-Noreg denne veka. Det er stor vassføring i vassdrag etter varme og stor snøsmelting, i kombinasjon med mykje regn, som skaper situasjonen.

Lokalt er det ikkje meldt om større mengder nedbør dei neste dagane. Yr.no varslar 7 mm nedbør i Nedre Vats torsdag og elles lite vått frå ovan dei neste dagane.

Den varme helga med temperatur langt over 20 plussgrader, har likevel resultert i at elver og bekkar med vatn frå høgtliggjande og snødekte område har hatt uvanleg stor vassføring. Dei som passerte Langfoss ved E134 i helga fekk eit flott syn av ein sjeldan stor foss i det flotte maivêret.

Verst ramma av flaumen blir dei større innsjøane i låglandet på Austlandet. I Telemark, Buskerud, Oppland er det varsla opp mot 50 mm nedbør lokalt i løpet av onsdag 22. mai. Nedbør og snøsmelting kan føra til at vassføringa aukar til eit nivå som tilsvarer 50 års gjentaksintervall, melder NVE.