Ei rekkje nettselskap risikerer bøter for at dei ikkje har følgt opp krav om tilpassing til IT-systemet Elhus.
Illustrasjonsfoto
Haugaland Kraft AS tilbyr Etne kommune å kjøpe 0,2 prosent av aksjane i selskapet. ARKIVFOTO

Ramma av kraftstreik

Går ut over feilretting.

Frå og med tysdag 14. mai er Haugaland Kraft indirekte ramma av ein arbeidskonflikt. Det skjer etter at EL & IT Forbundet har tatt ut 88 organiserte i Haugaland Kraft i sympatistreik.

Dette utgjer nesten alle forbundet sine fagfolk som jobbar med montasje ute i straumnettet for Haugaland Kraft.

Bakgrunnen er at EL&IT-forbundet sentralt er i ein konflikt med IT-bedrifta ATEA om etablering av tariffavtale for forbundet sine medlemmer i ATEA. EL&IT-medlemmer i energiselskapa Haugaland Kraft, Troms Kraft, Eidsiva, Lyse, Statnett og Skagerak er tatt ut i en sympatistreik.

— Haugaland Kraft sin evne til å retta opp feil ved straumbrot blir sterkt redusert. Me rykkjer berre ut og gjenopprettar straumforsyninga dersom det er fare for liv, helse (menneske og dyr) eller betydelige materielle skader. Då må me søka om dispensasjon. Feilretting blir berre utført etter at dispensasjonssøknader er gitt.

Varighet på streiken veit me ikkje. Det er opp til partane, melder det regionale kraftselskapet med mange kundar i Vindafjord kommune.