Staten tilbyr 25.000 kroner per årsverk

Staten har lagt fram sitt tilbod til jordbruket.

Tilbodet frå staten i årets jordbruksoppgjer vart lagt fram i dag og er på 25.000 kroner per årsverk. Samla er inntektsramma på 1,02 milliardar kroner.

—  Tilbodet frå staten legg til rette for ein god inntektsvekst i jordbruket. Det blir særleg prioritert å auka produksjonen av storfekjøt, korn og grøntsektoren der marknadspotensialet er godt. Effekten på forbrukarprisane vil bli under ein halv prosent, seier forhandlingsleiar for staten, Leif Forsell, i ei pressemelding.

Auka målprisar

Staten føreslår å auka målprisane med 470 millionar kroner. Kravet frå bondeorganisasjonane er på 583 millionar kroner. Tilskotet til gjennomføring av jordbruksavtalen er føreslått auka med 390 millionar kroner. Resten av inntektsramma på 1,02 milliardar kroner kjem av auka utnytting av jordbruksfrådraget (110 millionar kroner) og omdisponering av ledige midlar (50 millionar kroner).

Krav på 46.800 kroner

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag la 26. april fram krav om ein inntektsvekst på 46.800 kroner per årsverk. I sum var kravet på 1,97 milliardar kroner i auka prisar og tilskot.

Leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, saknar ei tydelegare satsing på storfe, korn og rekruttering, og meiner den største utfordringa er stor skilnad i rammene.

— Det er stor skilnad på dei aller fleste område, særleg velferd og rekruttering og den generelle inntektsveksten for den norske bonden, var kommentaren frå Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, under pressekonferansen etter at staten sitt tilbod var lagt fram.