Verken Skjoldar/Vats 94 eller Etne greidde å hanka inn tre poeng i fredagens runde i fotballens 5.divisjon. Laget frå Vindafjord hadde Falkeid på besøk og gjestene frå Tysvær vann 3-0 på Vats stadion.
Etne hadde sjansen til å krypa heilt opp i ryggen på serieleiar Skudenes, men utemøtet mot tabelljumbo Sveio gav berre eitt poeng etter at det stod 1-1 ved kampslutt.
Dei to laga skal begge i elden tidleg i neste veke. Skjoldar/Vats 94 møter Ferkingstad ute onsdag, medan Etne får besøk av Skudenes dagen etter. Med full pott her vil Etne vera á poeng med laget frå Sør-Karmøy. Skjoldar/Vats 94 ligg på tredje siste plass etter seks rundar.