Helmar Straumstein viser fram storfangsten han fekk på kroken då han fiska i Sør Trøndelag. Foto: Jan Are Melgård, Avisa ST
Helmar Straumstein viser fram storfangsten han fekk på kroken då han fiska i Sør Trøndelag. Foto: Jan Are Melgård, Avisa ST

Fekk laks på 16,9 kilo

Etnebu fekk storlaks på kroken i Orkla.

Helmar Straumstein kan ifølgje Avisa ST frå Sør Trøndelag overta skryteretten når det kjem til storleik på fanga laks i Olavaldet i Meldal. I fjor omtala Avisa ST at kameraten til Straumstein, Ove Eidsvåg tok ein laks på storleik med ein tømmerstokk i same elva. Denne gongen var det etnebuen som hala i land den tyngste fisken. Ein laks på heile 16,9 kilo!

— Å slå Ove og få han ned på jorda igjen er det beste av alt. Han har vore overlegen heilt sidan fjorårets fangst. Å ta innersvingen på han er ein skikkelig bonus, uttalar Straumstein lattermildt til trøndelagsavisa.

Laksen, som blei tatt på mark, målte 120 centimeter i lengd og var 58,5 centimeter rundt magen på det breiaste. Straumstein drog inn laksen på 0,35 millimeter snelle i vel 20 minuttar før han fekk den på land.

Årets største

Laksen er i følgje http://www.orklaguide.com den største som er blitt tatt i Orkla så langt denne sesongen.

— Eg kjende at dette var storlaks med ein gong, grunna måten han gjekk i vatnet på. Men eg hadde ikkje venta at den skulle vera så stor. Den sumde opp og ned, fram og tilbake langs ei strekning på 100 meter. Eg vågde ikkje anna enn å la den gå, seier den lukkelege laksefiskaren til Avisa ST. Straumstein fiskar i Olavaldet for tredje år på rad.

For etnebuen, som har fiska laks i 13-14 år, er storlaksen ny personleg rekord. Kameraten meiner den store fangsten er Straumstein vel unt.

Etneelva opnar laurdag

I Etne har laksefiskarane starta nedteljinga til årets sesong. Natt til laurdag går startsskotet, og om det blir hanka inn ein liknande sværing som den Straumstein fekk på kroken i Trøndelag, vil visa seg.