Ferie på topp

Etne sitt A-lag i fotball avslutta vårsesongen med tre poeng. Mot Ferkingstad på utebane, det einaste laget dei grønkledde har tapt mot i åres 5. divisjon, blei det denne veka ein solid siger med 3-0.

Trenar Kjetil Bjørgens og hans mannskap tar dermed ferie frå seriefotballen etter ein solid vårsesong. Laget toppar tabellen med 30 poeng etter ni sigrar, tre uavgjorte og eitt tap, og ein målskilnad på 34-15.

Skudenes på andreplass har éin mindre kamp og kan koma á poeng med siger.