Urmaker Arnestad i Ølen hadde natt til onsdag besøk av uvedkomande som prøvde å koma seg inn i butikken. Politiet har oppretta sak på forholdet og var i går på staden og sikra bevis.
Lensmann Ingvar Gjærde ser alvorleg på saka og ber folk vera vakne.
— Det er gjort forsøk på å ta ut låsen i dørene. Om dei er blitt avbrotne eller av annan grunn ikkje fekk utført handlinga veit me ikkje, men alt tyder på at dette var eit innbrotsforsøk, seier han.
Politiet er interessert i tips i saka og ber også publikum i området vera observante natt til torsdag i tilfellet dei uvedkomande kjem attende for å fullføra ugjerninga.