Solnedgang over Peparen i Skånevik. Foto: helge Tangen
Solnedgang over Peparen i Skånevik. Foto: helge Tangen

Mai ikkje så ille

Varmare enn normalt.

Mai blei opplevd som kjølig, men dei nakne fakta seier noko anna. Meteorologisk institutt har registert snitt-temperaturen i Vats siste 30 døger til 11,9 grader. Dette er 1,3 grader over normalen.

Høgast tempertur blei målt til 26,5 grader den 19. mai, medan det fem dagar seinare blei registert 0,0 grader på stasjonen i Nedre Vats.

Samla nedbør siste 30 døger var 116,0 mm. Mest nedbør på eitt døger var 21,9 mm (16. mai).

Juni har starta relativ kjølig, men dei nest dagane ligg an til å bli solfylte og med temperaturar opp mot 20 varmegrader. Mot slutten av neste veke melder yr.no overskya, regn og temperaturar rundt 15 pluss i distriktet.