Dei siste førebuingane er gjort i Vikedal og i kveld set Daniel Holten og hans team, kursen for Lånke i Trøndelag og den femte EM-runden i rallycross til helga.
Etter testen i Høljes sist veke har rallycrossbilen til Frode Holte vore gjennom ei forvandling, fått på seg dei rette fargane, og Daniel og Holten Motorsport sine sponsorlogoar.
— Det har gått greitt og i går ettermiddag kunne me rulla bilen inn i hengaren, seier Daniel, som no ser fram til det som skal skje på Lånke.
— Det er eit tøft startfelt, og tøffare enn i fjor då eg greidde å vinna B-finalen og koma meg vidare til A, seier 21-åringen, som er lysten på fleire finalar.
— I år er det eit heilt anna opplegg med fire innleiande omgangar som alle er like viktige. Dei tolv beste går til semifinale, og kan eg greia å få meg ein plass der er eg veldig godt nøgd, seier han.
Holten Motorsport gjekk tidlegare ut med at dei kom til å stilla med bilar i alle tre EM-klassane. No viser det seg at dette ikkje går. Åsmund Holten, som ikkje har fylt 16 år, er for ung til å køyra EM i Super 1600, medan Ernst Holten Leifsen framleis slit med motorproblem i sin Citroen DS3 og stiller heller ikkje.
Tøft felt
Lista over deltakarar til helgas EM-runde i Rallycross er spennande. 12 av 26 førarar i SuperCars-klassen er nordmenn.
På startlista er dei seks beste i EM samanlagt; Timur Timerzyanov frå Russland, det svenske stjernskotet Timmy Hansen, franske Davy Jeanney, Petter Solberg, britiske Liam Doran og svenske Anton Marklund.
Dei seks blir utfordra av 20 andre; blant desse Daniel Holten og 10 andre nordmenn.