UP gjennomførte torsdag ein fartskontroll på E134 ved Viskjer i Åkrafjorden. Heile 26 bøter blei skrivne ut.
På toppen av dette blei ein bil stansa etter å ha passert kontrollposten i 123 km i timen. Sjåføren fekk førarkortet inndrege og kan rekna med eit oppgjer med rettsvesenet.