Daniel Holten hadde sett seg som mål å koma til ein semifinale under EM-runden i rallycross på Lånke i helga. Det greidde han.
21-åringen frå Vikedal innrømmer at han måtte omstilla seg i forhold til det han er van med elles i rallycross.
— Slik EM er no blir det køyrt fire omgangar der alle er teljande, medan i NM, som eg køyrer elles, er det to av tre omgangar som tel, og dermed blir dette noko heilt anna.
På treninga laurdag fekk han til slutt den sjette beste tida.
—Då fekk eg konstatert at eg hadde farten inne, og kunne slappa litt meir akkurat i forhold til det.
Etter at dei fire omgangane var køyrde, var Daniel på ein niande plass av dei tolv som fekk køyre semifinalar.
— Det var eit stort press å greia det, så det var skikkeleg deilig.
Likevel blei det ei lita skår i gleda då dei starta opp bilen for å køyre ut til semifinalekøyringa, og kunne konstatera at det var ein ulyd i girkassen.
— Me høyrde ingenting då me parkerte etter fjerde omgang, då kunne me ha skifta kassen, seier Daniel, som likevel ikkje trur at dette gjorde noko utslag.
— Me valde ikkje å varme dekka før eg køyrde fram til start, og eg fekk nok ein dårlegare start av det, men elles gjekk finalekøyringa greitt der eg blei nummer fem.
Om tre veker er det ny EM-runde, den svenske runden som går i Høljes 6. – 7. juli. No går Daniel for ein ny semifinale der.
— Målet me hadde var å nå semifinalen ein gong i løpet av desse to rundane, men når eg no greidde det på Lånke må eg berre prøve på det ein gong til.