Distriktets topplag i fotball gjekk fredag på eit stortap ute mot Lura. 8-1 stod det i dommaren si bok då kampen var over.
Det betyr at 4. divisjonslaget frå Vindafjord framleis står med fire poeng, og 7-49 i målprotokollen, når ti serierundar er unnagjort. På tabellen gir det siste plass.
Laget har éin utsett kamp mot FKH3 og oppgjer mot Nord før laget tar sommarferie. Heimekampen mot Nord som ligg på plassen over, blir viktig i eit forsøk på å krypa litt nærare streken som gir nedrykk til 5. divisjon.
I 5. divisjon greidde ikkje topplaget Etne å fylgja opp si imponerande sigersrekke. Ute mot Falkeid blei det 1-1 (1-0) i torsdagens kamp. Kenneth Krokå (straffe) redda eitt poeng like etter sidebytte.
Laget ligg framleis på toppen av tabellen, men treng full pott i siste kamp før ferien for å ta pause i tet. Skudenes på andre ligg tre poeng bak og har éin kamp mindre spelt. Etne skal tysdag i ein vanskeleg utekamp mot Ferkingstad.
Skjoldar Vats 94 må framleis nøya seg med å ha nest sisteplass på tabellen i same divisjon. Fredag blei det tap 1-3 tap heime mot Skudenes. Komande fredag blir det ny heimekamp, denne gong mot Stegaberg.