Trond Veseth ein flott laks på 6 kg ved dei tidlege morgontimane på laurdag. Arkivfoto: Sirianne Vikestad
Trond Veseth ein flott laks på 6 kg ved dei tidlege morgontimane på laurdag. Arkivfoto: Sirianne Vikestad

Svak sesongopning for laksefisket

Men mange starta med å få fisk

Av Sirianne Vikestad

Leiar i Etne Elveigarlag, Vidar Børretzen, viser til ei svakare opning på laksefiske i Etneelva år i forhold til fjoråret. Noko som også var venta då det har vore sein oppvandring i alle elvene langs kysten.

Det var likevel fleire hobbyfiskarar som hadde skitt fiske med seg då laksefisket starta i Etne natt til laurdag. Blant dei var Trond Veseth som synest det var ei fantastisk byrjing på laksefiske. Han håva inn mellom anna ein laks på 6 kg i sone 20.

— Det var over all forventing i forhold til kva eg hadde venta meg med laks i elva, Trond Veseth og siktar til både den seine oppvandringa og det mykje diskuterte laksefelle prosjektet rett overfor Enge bru.

— Det blir spennande å sjå framover korleis det går. Det er fleire laks som har hoppa over fella også, blant anna den eg har fanga inn her, seier han og viser til at det ikkje merka på den bakre ryggfinna på nattas fangst.

Så nå skal det bli godt med ein god dags søvn, smilar han, litt trøtt etter lange nattetimar med fiske.

Andre som ivra etter å komma i gang var Erik Østre (59) og Arild Haga (45) frå Karmøy. Dei fiska nedanfor Enge bru, men hadde diverre ikkje lukka med seg i sesongopningsdøgeret.

— Eg likar meg godt her i Etne og så langt ser det bra ut, seiar Østre. Dei har sett både laks og fleire aure i det klåre vatnet på veg oppover.

— Auren er jo freda, seier Arild Haga, men det er bra dersom den kjem seg dei neste åra.

Vidar Børretzen seier at det hittil har passert over 70 villaks og 50 sjøaure forbi fiskefella, og viser elles til at lusemengda på årets tilbakevandrande villaks synest å vera normal.

Les meir om sesongstarten for laksefisket i måndagens Grannar.