Trua med å skyta

Politiet rykte ut med to væpna patruljer til Etne rundt kl 04.00 natt til sundag. Bakgrunnen var at ein vakt ved eit amcartreff meldte frå om ein gjest som kom i krangel med ei dame på arrangementet.

— Då gjesten, ein mann i byrjinga av 20-årsalderen, blei bortvist, trua han med å koma tilbake med skytevåpen og skyta nokon, opplyser operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Mannen blei spora opp av politiet og pågripen utan dramatikk. Han blei plassert i sentralarresten i Haugesund og er meldt for ordensforstyrring. Saka blir fylgd opp av Etne lensmannskontor.