Illustrasjonsbilde
Illustrasjonsbilde

Væpna ran

Fluktbilen har passert Sauda i retning Røldal.

Politiet sette laurdag føremiddag i gang ein storstilt aksjon etter at det kl 10.41 var eit væpna ran hos ein urmakar i Haugesund sentrum.

Store politistyrkar er sett inn i jakta. Også i Vindafjord er det politifolk i aksjon, får Grannar opplyst.

Tre væpna ransmenn blei observert på åstaden, og politiet jagar nå ein fluktbil, ein grå Audi stasjonsvogn med kjenneteikn RH26147. Denne skal ha tatt retning indre Haugalandet.

Politiet ber om at observasjonar av bilen blir meldt inn på telefon 02800.

— Det er ikkje avfyrt skot i samband med ranet, men det er blitt trua med våpen. Det er ikkje kjent om gjerningsmennene er væpna nå. Det er gjort observasjonar av fluktbilen i retning aust ut av Haugesund, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Siste:

Fluktbilen har køyrt av vegen mellom Sauda og Røldal.

Politiet ber publikum i området Sauda – Breiborg om å vera vakne og varsame i kontakt med framande i dette området

Opplysningane går ut på at minst to av gjerningsmenna stakk frå fluktbilen då den hamna i grøfta i området Kleivane langs Fv 520.