Karl Johan Lier er dagleg leiar i Autostore AS.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Karl Johan Lier er dagleg leiar i Autostore AS. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Betring, men minustal

Jakob Hatteland-konsernet slit framleis med å få gode resultat.

Fjoråret var langt betre enn 2011-tala for Jakob Hatteland Gruppen, men ei stor nedskriving av goodwill etter tap på oppkjøpet av IT-selskapet Exinet, gir likevel minus på botnlinja.

Konsernet si omsetning fell kraftig det andre året på rad, og var i 2012 på 766 millionar kroner. Årsaka er hovudsakleg stor svikt i salet av pc og datautstyr i underkonsernet Hattelco.

— Sjølv om omsetninga går ned med rundt hundre millionar, har me positive trekk, spesielt på det automatiske lagerhandteringssystemet AustoStore der driftsinntektene auka med 70 prosent til 130 millionar, seier konsernsjef Karl Johan Lier til Grannar.

Les heile saka i torsdagens papir-/eavis.

Her kan du også lesa om mirakelbabyen Liva i Vats som vog under eitt kilo då ho blei født i april.

I denne utgåva har me dessutan sak om tidlegare Etne-ordførar Lars Øyre sitt syn på striden mellom kommunen og bygdefolk i Fjæra som vil ha folkerøysting og melda overgang til Odda.

Me har vore på besøk i Ølensvågs kanskje flottaste hage, og presenterer fyldig reportasje frdessutan nar av goodwill også lesa om topplærlingar ved Westco og strandlopper i Vikebygd.rer fyldig reportasje frlk som vil melå Rootsfestivalen og Pippifestivalen. Blant dei mange sakene kan du også lesa om topplærlingar ved Westcon og strandlopper i Vikebygd.