Cathrine Fjæra vil ta Langfoss og resten av Fjæra-krinsen aust i Etne kommune med seg til Odda. Nå krev bygdefolk folkeavrøysting om å skifta kommune. Foto: Peder Lauvås
Cathrine Fjæra vil ta Langfoss og resten av Fjæra-krinsen aust i Etne kommune med seg til Odda. Nå krev bygdefolk folkeavrøysting om å skifta kommune. Foto: Peder Lauvås

Krev folkerøysting

Vil melda overgang frå Etne til Odda kommune.

Bebuarar i Fjæra-krinsen er misnøgde med kommuneleiinga i Etne og krev nå folkerøysting for finna ut om det er fleirtal for å melda overgang til Odda kommune.

— Me ber om få halda avrøystinga same dag som det er stortingsval, seier Cathrine Fjæra, i komiteen som skal jobba vidare med saka.

Ho kan ikkje slå fast at heile bygda er for overflytting, men føler likevel at stemninga er stor for overgang til Odda.

Les heile saka i dagens papir-/eavis og sjå også fungerande ordførar Siri Klokkerstuen sitt svar på utspelet frå utkantkrinsen i aust.

Hovudsak i denne utgåva er kunsttjuveriet frå Joa Kari parken som har skaka opp mange i Ølen. Politiet har mistanke om at mobile vinningskriminelle står bak og fryktar at kunstverket vil bli ført ut av landet.

Grannar har vore i Latvia og besøk ein storgard som fleire lokale folk har kjøpt seg inn i. Og me har lodda stemninga før rootsfestivalen i Vikedal og sjekka badeaktiviteten i distriktet.