Raunes Fiskefarm har saksøkt oljegiganten ConocoPhillips Skandinavia AS og krev 70 millionar i erstatning. Søksmålet er erstatning for at giftige stoff har spreitt seg ut i nærmiljøet og øydelagt for bedrifta som er nabo til AF Decom i Vindafjord.
— Eg kan stadfesta at me har tatt ut søksmål mot ConocoPhillips på vegner av Raunes Fiskefarm, seier advokat Sigurd Knudtzon i advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig til Dagbladet.
ConocoPhillips er operatør i Nordsjøen og eigar av utrangerte plattformer som blir tatt inn for opphogging og behandling ved AF Miljøbase Vats.
Raunes Fiskefarm har tidlegare gått rettens veg mot AF Decom, utan å vinna fram. Nå blir skytset retta mot det gigantiske oljeselskapet som dei meiner har ansvar for at det kjem forureining inn i nærmiljøet som øydelegg for oppdrettsverksemda.
Hovudforhandlingane går ved Stavanger tingrett på nyåret. Det er sett av heile tre veker til rettssaken som etter planen skal gå frå 20. januar til 7. februar 2014.
Så langt tyder ingen ting på at saka vil enda i forlik før dei planlagde rettsforhandlingane, skriv Dagbladet.
— Me finn kravet som er reist, heilt grunnlaust. Utover det, ønskjer me ikkje å kommentera saka, seier direktør for kommunikasjon og myndigheitskontakt i ConocoPhillips, Stig S. Kvendseth, til avisa.