Men suksess til trass, nittenåringen held hovudet kaldt, og ser framover.
— Det har vore eit kjør dei siste åra, og det er veldig kult at det går så bra nå. Målet er å bidra enda meir i kampane som kjem. Me heng på dei øvste laga i serien og har alt å spela for der, og i cupen er me også med framleis. Det hadde vore fantastisk å spela finale på Ullevaal, seier den ambisiøse guten og smiler.
Haraldseid kan kallast fast innbytar for Fotballklubben Haugesund (FKH) denne sesongen. Han har, utanom ein, spelt i alle av tippeligalaget sine kampar. I tillegg har den talentfulle fotballspelaren vore ein profil på aldersbestemte landslag sidan han var 15 år, sist i EM-kvalikk for halvanna månad sidan for G19-langslaget.
Det vart ein sterk oppleving. G19 var nesten klare for EM-spill etter å ha slått Kypros 3-0. Men Nederland stal EM-plassen deira på overtid mot Tyskland, og gjekk vidare på innbyrdes oppgjer.
— Det var ein gedigen skuffelse, det er det verste eg har vore med på. Men eg tar med meg den erfaringa òg, det er ikkje berre minus.
Med bra trykk, bra «power», hurtige løp, lekre pasningar og harde skot, er Haraldseid kjent for å prege kampane han er med i. Etter å ha fullført Haugesunds toppidrettsgymnas i år, er vatsbuen klar for å bli fotballspelar på heiltid.
— Det skal bli godt å berre fokusera på fotballen.
Rett val
19-åringen har vore flink med eigentreninga sidan han var liten. Og han er ikkje i tvil om at å bli matcha mot eldre spelerar gjennom heile oppveksten, har spelt ei stor rolle.
— Eg er oppvaksen utan veldig mange ressursar, og har tatt stega sjølv. Det har vore mange timar utpå her. Eg har også fått spela masse med eldre spelerar som eg er sikker på at har gitt resultat. Eg hugsar somrane då eg var yngre, då var eg her heile dagane og spela, så var det heimom å drikka og eta, så var det rett ned å spela igjen, seier han og peiker på den nye kunstgrasbana på Vats stadion som før var ein noko slitt grasbane.
To proffar, ei bygd
Karrieren har gått frå Vats til Skjold, før han tok det store steget til FKH som 15-åring.
— Eg huskar svært godt avskjedskampen for Vats. Me skulle spela mot Sauda, laget som slo alle. Me slo dei 17-4, og eg skåra 11 mål. Då skjønte eg at det var rett med ein ny utfordring.
Karrierestega er ikkje veldig ulike ein annan fotballprofil sine. Håvard Nordtveit, som også kjem frå Vats, er ein god venn av Haraldseid.
— Eg kjenner Håvard godt, og han har vore eit fint forbilde for meg og vist at det går an.
Korleis det har blitt til at to profesjonelle fotballspelerar kjem frå litle Vats, veit ikkje Haraldseid. Men han legg ikkje skjul på at dei lokale klubbane, og området, har betydd mykje for utviklinga hans.
— Vats er ein fantastisk bygd og klubb, og det er mykje liv rundt fotballen her, og mange aktive dugnadsfolk. Det er ikkje så mange andre aktiviteter her, det er fotball ein hovudsakleg driv på med. Pappa har vore både pappa og trenar for meg sidan eg var 10 år, og har følgt meg overalt. Men her i bygda har det ikkje vore talentarbeid, og det er kanskje noko som har hjelpt meg. Eg har funnet utav ting sjølv, og mykje har vore opp til meg sjølv.
Kjensler
Draumen er å spela på høgare nivå. Barcelona er draumeklubben, men han har òg noko som han beskriv som meir realistiske mål.
— Eg har draumar som alle andre, og det å spela i ein klubb i Tyskland eller Nederland trur eg hadde passa meg veldig godt. Men nå er det berre FKH som gjeld, og eg vil spela meg til fast plass, og bidra alt eg kan der.
Den sympatiske guten legg ikkje skjul på at han endå har kjensler for både Vats og Skjold. Når han er i heimtraktene, og det er lokalkamp, prøver han alltid å få den med seg. Sommarferie er den travle guten allereie ferdig med for i år. Eit firedagars opphald i Sverige var alt han enda opp med.
— Det trengtest.