Utrykkingspolitiet hadde ein fartskontroll på E134 på Liaheia i går kveld i 80-sone. I alt åtte sjåførar fekk forenkla førelegg på grunn av for stor fart, og ein vart fråtatt førarkortet etter å ha passert politiet i 120 km/t, melder operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.