Lensmann i Vindafjord, Ingvar Gjærde opplyser at politiet er interessert i å komma i kontakt med folk som kan sitja på informasjon i forhold til valdtektssaka som fann stad i Vikedal tidleg søndag morgon. Valdtekta skjedde mellom båthamna og det gamle kommunehuset mellom klokka 02.00 og 02.30 natt til søndag.
Politiet er spesielt interessert i å komma i kontakt med ein mann som er mellom 28 og 35 år. Denne mannen er mellom 180 og 190 centimeter høg og rundt 100 kilo. Han er skalla, men har mørkt skjegg som går frå øyre til øyre. Den aktuelle kvelden hadde han på seg svart genser med kvitt trykk på brystet, svart skinnvest, svarte bukser og svarte finsko. Han hadde også cowboyhatt på seg. Lensmannen trur mannen kan sitja på opplysningar som er interessante for politiet, og vil svært gjerne ha kontakt med mannen, eller få inn tips som kan spora opp mannen.
Har du informasjon, kan du ta kontakt med politiet på telefonnummer 02800.