Upåklageleg innsats

Ballen rullar på Ekebergssletta, men så langt har Norway cup vore ei blanda sportsleg oppleving for klubbane frå Etne og Vindafjord.

Smågutane til Skånevik har imponert med to sigrar, og speler dei siste innleiande gruppekampen mot Skeid i ettermiddag.

Frå og med i morgon er det cup som gjeld. I løpet av kvelden er det klart kven som går til A-slutspelet og kven som hamnar i B-slutspelet.

Tradisjonen tru har trioen Ølen, Vindafjord og Skjoldar okkupert store deler av Ekeberg camping. Stemninga i solskinnet skal vera svært god.

Resultatservice finn du òg på http://www.norwaycup.no

Torsdag kan du lese meir i Grannar frå årets Norway cup.