21 tatt i kontroll

Éi veke etter at UP noterte 15 fartsbrot i ein kontroll på riksvegen forbi Ilsvåg, var etaten igjen ute med laseren på staden. Denne gongen melder UP om 21 brot på fartsgrensa som her er 60 km/t. Høgast fart i kontrollen torsdag føremiddag blei målt til 83 km/t.