Arbeidsulykke i Sandeid

Politiet fekk torsdag føremiddag melding om ei arbeidsulykke i Vindafjord. Lensmann Ingvar Gjærde opplyser at det dreier seg om ei ulykke ved Ølen Betong si avdeling i Sandeid.

Ulykka skal ha skjedd like før klokka 10.00. Politiet og Arbeidstilsynet er på åstaden. Dei første rapportane tyder på at ein arbeidar har fått ei form som blir nytta til betongstøyping over beinet. Den skadde mannen er sendt til sjukehus.

— Forma fall i samband med kranlyft, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.