Politiet gjekk fredag til aksjon og ransaka eit husvære i Ølen etter mistanke om narkotika. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at det blei funne mindre mengde stoff på staden der ein ungdom budde. Forholdet er erkjent og sak er oppretta.