Av nabokommunane er det berre Tysvær har større innbyggjarvekst enn Vindafjord. Ved utgangen av juni hadde Tysvær ein pluss på 110, medan det vart 79 fleire vindafjordingar i denne perioden, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Ved halvårsskiftet budde det 8.694 personar i Vindafjord, mot 10.597 i Tysvær.
Etne vart 5 fleire i løpet av dei seks første månadene, og det var 4.045 ved inngangen til juli. Minst gode tal har Kvinnherad som mista 68 innbyggjarar samanlikna med årsskiftet.
Ser ein på andre kvartal går Etne og Vindafjord om lag i null med inn- og utflytting til andre kommunar her i landet, medan begge kommunane har netto tilflytting frå utlandet. Etne pluss 5 og Vindafjord pluss 26 dei siste tre månadene. I siste kvartal var det eit fødselsoverskot på 4 i Etne og 14 i Vindafjord.
Her er folketalet for ein del kommunar i regionen per 1. juli (endringar så langt i 2013 i parentes):
Suldal 3.874 (+6)
Sauda 4.740 (- 5)
Vindafjord 8.694 (+79)
Etne 4.045 (+5)
Odda 7.013 (+25)
Sveio 5.409 (+9)
Kvinnherad 13.237 (-68)
Tysvær 10.597 (+110)