To gonger båttjuv

Den 27 år gamle gjerningsmannen stal båten to gonger, siste gongen med politiet på villspor. Den litt uvanlege politijakta starta rundt klokka elleve då båteigaren i Vikebygd såg båten sin på fjorden i Ålfjorden. Tjuveriet vart meldt til operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, og etter ei stund var ein patrulje ute på fjorden. Deretter vart båten funne på andre sida av Ålfjorden, men ingen tjuv. Politihunden Eos vart engasjert og jakta førte ut fjorden fordi politiet meinte mannen var oppe i ein ny båt. Men det viste seg at båttjuven hadde stole båten for andre gong. Men slutten på jakta var i politiet sin favør, og rett etter klokka tre i ettermiddag vart gjeningsmannen tatt i Ølen, med kurs for gjestehamna.