heimeside vindafjord

Eit stykke til toppen

Verken Vindafjord eller Etne hevdar seg blant landets beste kommunale nettstader.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har sidan 2004 gjennomført årlege kvalitetsvurdering av offentlege nettstader. Nå er årets kåring offentleggjort, og dei to lokale kommunane er litt betre enn middelhavsfararar.

Kanskje ein kikk på Statens vegvesen eller Akershus fylkeskommune sine nettsider kan gi gode tips til kommunar som har ein god veg opp blant dei bete. Dei to har fått pris for beste statleg og fylkeskommunal nettstad.

Fire stjerner

659 offentlege nettstader – 213 statlege og 446 kommunale og fylkeskommunale – er vurderte av Difi. Direktoratet har brukt 30 ulike kriterium fordelt på områda tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald, og har tildelt stjerner frå éin til seks der høgast er best.

Dei to Grannar-kommunane kjem båe ut med fire stjerner, men eit godt stykke nede på lista. Vindafjord eit hakk føre Etne med resultatet 69 av 100 prosent utteljing poengmessig. Etne kommune oppnår 67 prosent utteljing.

Beste skår er 97 prosent (Sørum), og 22 kommunar er tildelt seks stjerner, blant desse Karmøy. Vel 70 kommunar har fått fem stjerner.

Dårlegast

Vindafjord: Skårar best på «nyttig innhald» med 71 av 100. Her er landsgjennomsnittet 59 prosent.

I «brukartilpassing» fekk kommunen 66, eitt prosentpoeng over snittet. Kjem dårlegast ut i kategorien «tilgjengelegheit» med 69 prosent, men likevel over landsgjennomsnittet på 59.

Etne: Kjem dårlegast ut på «nyttig innhald» med 51, men er betre enn naboen i «tilgjengelegheit» (75 prosent) og «brukartilpassing» (71 prosent).

Vindafjord skårar spesielt dårleg på «rask nedlasting», medan Etne får trekk for ikkje å ha tilpassa nettet for mobile løysingar. Båe kan bli langt betre på tilgjengeleg opne data.

Sjå resultate her