Politiet i sving nær funnstaden sundag kveld. Foto: Grannar
Politiet i sving nær funnstaden sundag kveld. Foto: Grannar

Døde av drukning

Lensmannen i Vindafjord opplyser tysdag ettermiddag at den førebelse obduksjonsrapport nå ligg føre, og at konklusjonen i denne indikerer at Eirik Bjørgen (31) frå Etne døde av drukning.

Dette tyder på at det ikkje ligg noko kriminelt bak dødsfallet. Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt held likevel fram etterforskinga rundt dødsfallet med rundt ti personar.

Politiet har sett inn store ressursar etter at ein mann blei funnen død i strandkanten ikkje langt frå den gamle brannstasjonen i Ølen sundag ettermiddag. Omstende og funn på staden gjorde at dødsfallet blei karakterisert som mistenkeleg.

Lensmann Ingvar Gjærde opplyste måndag til Grannar at dei avhøyrer ein del vitne, har føretatt ei rundspørjing og snakka med folk som har sett mannen. Politiet sjekkar også kamera og elektroniske spor. I tillegg er eit nytt hundesøk gjennomført.

Siste kjente observasjon av mannen var ca kl 03.00 natt til laurdag. Han blei meldt sakna sundag ettermiddag etter at familie og venner hadde leita etter mannen. Det var politiet som fann den døde rundt kl 17.00 sundag.

— Me er i ein fase der me samlar inn opplysningar, og ynskjer også tips frå publikum om observasjonar og informasjon frå tidsrommet etter siste kjente observasjon, sa lensmannen måndag.