Talet på bilar som blir vraka her i landet er aukande.
Dette er ein trend Leiv Magne Larsen ved Kaldheims Bildeler kan skriva under på.
I fjor tok bilknusaren i Vindafjord imot 1.250 bilar til gjenvinning. I år håpar dagleg leiar ved bedrifta på Steinsland i Sandeid på endå høgare tal. Mykje takka vera auke i vrakpanten som frå 1. juli vart auka til 3.000 kroner.
— Det kjem inn mykje bil nå etter at panten vart auka. Hadde ikkje folk fått pant, ville langt færre bilar blitt vraka, meiner Larsen og konstaterer at nå er ryddesjauen rundt om kring i full gang.
Landsomfattande trend
Beløpet bileigarane får for å senda bilen til vraking steig med 500 kroner ved årsskiftet, til 2500 kr. I dag er summen så pass høg at folk i aukande grad gjer seg bryet med å skrota bilen hjå ein biloppsamlar framfor å la gamle bilvrak forsøpla naturen.
På landsbasis vart det i 2011 og 2012 vraka i overkant av 120.000 køyretøy her til lands. Berre i juli og august i år vart 23.000 køyretøy sendt til sin siste kvilestad. Same tid i fjor var talet 15.000, ifølgje Toll- og avgiftsdirektoratet. Dette viser ein solid auke. I dag er det sett eit krav frå myndighetene at 85 prosent skal gå til gjenvinning. I løpet av 2015 er målet heile 95 prosent.
— Me er eit av dei landa i Europa der gjenvinningsprosessen fungerer best. Dette skuldast vrakpanten, seier Larsen.
Miljø og gjenvinning
Alle køyretøy som svingar innom ein av landets mange biloppsamlingsplassar, vert nøye tømt for alle miljøgifter.
— Olje, kvikksølv, bly og flytande komponentar vert tappa ut og tatt hand om, fortel Larsen.
Ferdig ribba bilar blir så pressa saman og sendt vidare til oppmaling.
— Me pressar dei flate her før dei blir sendt til gjenvinning på Askøy, seier han.
Sjølvplukk
Den typiske vrakbilen er ein 17-18 år gamal bil. Til Sandeid kjem den enten for eigen maskin eller på ein tilhengar.
— Me tek imot køyretøy frå Vindafjord, Etne, Sauda, Suldal, deler av Kvinnherad og Hardanger, i tillegg til indre deler av Tysvær, seier Larsen.
Bildeler som kan nyttast vert plukka til side og lagra for sal. Også privatpersonar kan stikka innom bedrifta for sjølvplukk.
— Etter at miljøgiftene er fjerna vert bilane sett til side før dei går i pressa. Då er det mogleg å plukka deler etter avtale. Me har dagleg folk innom som sjølv plukkar dei delane dei vil kjøpa, fortel Larsen.
Kjøper også
I tillegg til inntekter frå innleverte vrak, ligg hovudinntekta til bedrifta i sal av deler frå nyare bilar.
— Me kjøper nyare bilar av forsikringsselskap og demonterer det som er brukande. Deretter blir delane lagt ut for sal. Størsteparten av salet går via nettet og kjøparen er enten privat eller ein bilverkstad, seier han.
Prisen opphoggaren får frå vraka bilar er avhengig av stålprisen.
— Den er variable. Det er sal av nyare bildeler me tener pengar på, seier mannen som har fem tilsette.
Sandeid Bildeler AS omsette for 9,7 millionar kroner i fjor og kom ut med eit resultat før skatt på vel éin millo