Blant landets beste. Inge Morten Tronstad i aksjon under tidlegare tevling. Arkivfoto: Jon Edvardsen
Blant landets beste. Inge Morten Tronstad i aksjon under tidlegare tevling. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Norsk meister i saueklipping

Inge Morten Tronstad (34) frå Etne blei i helga norsk meister i saueklipping. Meisterskapen gjekk på Gol, der 700 sau måtte til pers for å kåra den beste i ullhandtering og klipping.

34-åringen som er fast klippar hos Fatland i Ølen, har tidlegare vunne NM både i 2007 og 2012. Han er alt kvalifisert til neste VM. Finaleheatet bestod berre av klipparar frå Fatland.