Joakim Rønnevik frå Vikedal har fleire gonger i sesongen vist at han er den beste og raskaste av alle i rallycross i årett junior NM. Det gjorde han også under helgas avslutningsrunde i Skien.
Ein protest førte han nedover på resultatlista i finalen, og dermed glapp også sigeren i samandraget.
Knuffing
NMK Vikedal-føraren vann alle innleiingsomgangane og var også først over mål i A-finalen. Så vart det lagt inn protest på køyringa hans og han blei dømt ned til sjette plass.
er ikkje heilt einig i dette, men slik blei det
— Eg hadde beste sporet frå start. Der vart det litt knuffing med Lise Marie Sandmo. Ho snurra og eg fekk ei åtvaring for at eg var skuld i dette, seier Joakim Rønnevik.
Det lokale biltalentet kunne likevel rulla over mål som første bil i A-finalen. Etterpå vart det lagt inn protest på køyringa til Rønnevik og han blei dømt sist i finalen.
— Eg er ikkje heilt einig i dette, men slik blei det, seier mannen som likevel sikra sølvmedaljen i klassen etter finalekøyringa.
Likevel nøgd
Han oppsummerer løpet som ei ny problemfri helg, gode tider på banen og eit team som har gjort ein kjempejobb. Dermed er han, trass hendinga, likevel godt nøgd med det som skjedde.
Unge Rønnevik som tok gull i 2010 og femte plass i fjor, har avslutta årets sesong med fleire topp resultat.
— Eg må berre få takka alle som har stått på gjennom sesongen, og gjort ein kjempejobb for meg, seier han.
Vinnar
Det høyrer med til den dramatiske helga at det var Lise Marie Sandmo (19) frå NMK Drammen, som den lokale føraren knuffa med, som vart ståande som vinnar av Noregscupen. Ifylgje dt.no tok ho starten i finalen, var først inn i første sving, og blei då påkøyrt bakfrå av Rønnevik og dytta av banen.