Etne sitt A-lag i fotball rykkjer opp til 4. divisjon. Det er klart etter torsdagens runde der laget vann stort på bortebane mot Vedavåg Karmøy 2. Resultatet ble 0-6.
Det stod 0-2 til pause, etter eitt sjølvmål og skåring signert Sverre Fjæra. Same Fjæra fekk nok eit mål i protokollen etter sidebytte. Dei andre måla kom ved Espen Grumheden, Kristoffer Grønstad og Ove Straumsøy.
Etne toppar tabellen med 44 poeng, to poeng føre Skudenes som har spela éin kamp mindre. To lag rykkjer opp til 4. divisjon. Karmsund på tredjeplass står med 37 poeng, og har teoretisk sjanse til å ta igjen Skudenes.