Ingen kom til skade då ein bilist køyrde ut på E134 i Ølen utan å overhalda vikeplikta tysdag ettermiddag. Ifylgje vitne måtte den eine bilen svinga kraftig unna for å unngå kollisjon. Det resulterte ein tur opp på fortauet, spinning inn i rekkverk og ut på vegen igjen der den også fekk kontakt med den andre bilen, samt to punkterte dekk.
Situasjonen oppstod då ein bil kom ut frå sidevegen aust for kyrkja, og tok retning utover mot Ølensvåg. Idet sjåføren kryssa vegen, kom ein bil frå vest. Sjåføren i denne måtte manøvrera raskt for å unngå ein kraftig samanstøyt.
Politiet fekk melding om ulykka og har vore på staden og fått vitneforklaring.