Det var klokka 14.13 politiet fekk inn melding via AMK, om ei ulukke på E 134, aust i Skjold, på grensa til Vats. Ein bil blei påkøyrd bakfrå. Operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Norunn Byrknes, fortel at begge førarane er sendt til sjukehuset i Haugesund for sjekk, då dei klaga på nakkesmerter.
Ingen personar blei fastklemt i bilane.
Grunna personskadane til dei involverte, blir det oppretta sak, melder operasjonsleiaren.