Lukkast planane blir lysløypa på Fjellstøl forlenga til parkeringsplassen på Opheim.
Med ny hytte på Olalia og vegtrase like inn til fjellstova, vil tilgangen til det flotte fjellområdet få eit løft. I samarbeid med Ølen IL og Vindafjord kommune er det regionale Friluftsrådet i gang med å legga til retta for endå meir bruk. Også Etne IL blir involvert.
— Vårt utgangspunkt er å få fleire ut i frisk luft, ut i naturen og i mosjon. Bruken av dette området er alt stort, men har eit potensiale til å veksa endå meir. Eg trur dette nå vil ta av, seier Oddvin Øvernes, dagleg leiar i Friluftsrådet Vest.
Positiv
Det er tidleg fredag, vindstille og haustsola er av det skarpe slaget. Dei første turgåarane har alt gitt seg i kast på den nylagte turvegen dei vel 5,5 km inn til Olalihytta. Oddvin Øvernes har med seg bomstengselen som snart skal koma opp for å hindra ulovleg motorisert ferdsel inn over fjellet.
Med er også Kjell Vidar Øglænd, leiar i Opheim Haugland sameige, som organiserer dei nærare 30 grunneigarane i området. Han synest det er positivt at området blir utvikla til meir friluftsbruk.
— I dag er det verken beite eller anna drift her, så det er bra at dette flotte området kan nyttast til noko. Personleg er eg open for å knyta parkeringsplassen på Opheim saman med Fjellstøl skianlegg, men eg må sjølvsagt ta eit atterhald om kva dei andre i sameiget meiner, seier han.
5,5 km
I dag kan du enklast koma opp til eksisterande lysløype via Sandeid. Planen til Friluftsrådet nå er at folk som bur i Ølen, Etne og andre stader kan bruka området ved å laga ein tilgang via vegen opp frå E134. Prosjektet vil kosta fleire millionar, og Vindafjord Arbeidsgiverforum AS har alt løyvd 700.000 kroner.
Det blir i tillegg jobba med å få tippemidlar, pengar frå Sparebankstiftelsen SR-Bank og annan finansiering. Prosjektet omfattar lys på 2,5 km løype, delvis i ny trase og som skal knytast til eksisterande anlegg. Samla vil dette gi rundt 5,5 km trase med lys i ei rundløype.
håper på anleggsstart om eitt år
— Tanken er å bruka led-lys som både er energisparande og gir eit behageleg lys. Får me klarsignal og alt går etter planen, kan det bli oppstart om eitt år slik at det nye anlegget kan stå klar i 2015, seier Øvernes.
Rennesanse
Området rundt Olalia har historisk vore det mest nytta friluftsområdet i regionen, og er framleis populært. Dei siste åra har bruken tatt seg kraftig opp igjen. Friluftsrådet som driv parkeringsplassen på Opheim med kapasitet til mellom 500 og 700 bilar, estimerer det årlege besøket til 40.000 bilar. I tillegg kjem trafikk opp til Fjellstøl-anlegget på Sandeidsida.
— Me ser nå enorm auke i sommarsesongen. Det er folk ute på tur her kvar einaste dag, gjerne frå tidleg morgon, men mest om helgene, seier Øglænd.
Han har registrert ein del farting med bil og anna køyretøy innover mot Olalia etter at den nye vegen kom, og åtvarar med at dette vil bli meldt til politiet.
Forlenga vintersesong
Friluftsrådet ser for seg ein stor vekst i ferdsla her framover. Den nye vegen som er laga, har alt resultert i auka trafikk. Opning av ny hytte neste år, vil verka inn. Sjølv om dei fleste brukar beina, er også sykkelen i flittig bruk. I tillegg kjem den organiserte idretten og høve til å driva løpe- og skitrening her.
— Med vegen som er laga, får me ein såle som gjer det lettare å laga og vedlikehalda gode skispor, og som vil føra til at snøen ligg mykje lengre. På barmark legg me opp til at det skal vera mogeleg å trilla barnevogn og rullestol her. Flest mogeleg ut i frisk luft og mosjon er vårt motto, seier Oddvin Øvrenes.
Han rosar grunneigarane for godt samarbeid opp gjennom åra, og trur at dei saman skal få til å utvikla området vidare på ein positiv måte.