Intens jakt på fleire fosterheimar i regionen. Ole Herman Brekke, rådgjevar i Bufetat, her saman med rådgjevar Marianne Hammer og konsulent Ingeborg Ulland, satsar i denne omgangen på rekruttering innan helse- og omsorgssektoren.
Foto: Privat
Intens jakt på fleire fosterheimar i regionen. Ole Herman Brekke, rådgjevar i Bufetat, her saman med rådgjevar Marianne Hammer og konsulent Ingeborg Ulland, satsar i denne omgangen på rekruttering innan helse- og omsorgssektoren. Foto: Privat

Dei siktar «Rett i hjarta»

Stort behov for nye fosterheimar.

Mange barn i Hordaland og Rogaland treng ein ny, trygg heim. Nå leiter Bufetat etter menneske med hjarta på rette plassen, blant anna i Etne og Vindafjord.

Fleire hundre menneske på Haugalandet har tatt til seg eit barn som ikkje hadde det så godt i eigen heim. Dei er trygge og gode fosterforeldre. Men framleis er det mange barn som ventar.

I Fonna-området er det i dag rundt 65 barn som treng fosterheim. Difor set Bufetat alle klutar til i haust for å finna fleire fosterforeldre. Gjennom kampanjen «Rett i hjarta» leitar dei denne gongen blant tilsette i helse- og omsorgssektoren.

Helt vanlige menneske

— Mange har eit bilde av korleis eit fosterbarn er. Men dei er forskjellige, akkurat som andre barn, seier Ole Herman Brekke, rådgjevar i Fosterheimsrekruttering i Haugesund.

Me er blitt veldig godt tatt imot

Han fortel at nokre av dei treng mykje oppfølging, andre treng mindre. Behovet er veldig forskjellig. Felles for dei er at dei har det vanskeleg. Derfor betyr det ei verd for dei at nokon gir dei sjansen til ein trygg og god heim.

— Også dei som har valt å bli fosterforeldre er veldig forskjellige. Dei aller fleste er heilt vanlege menneske. Det er ikkje krav om noko spesiell utdanning for å kunna bli fostermor eller fosterfar. Er du glad i barn og ungdom og finn meining i å gi eit barn ein betre kvardag, så ta kontakt. Me i Bufetat hjelper deg til å finna ut om dette kan vera noko for deg, seier Brekke.

På personalmøte

I løpet av kampanjen «Rett i hjarta» er målet for Brekke og hans kollegaer å besøka mange verksemder og einingar innan helse- og omsorg. Tanken er å sleppa til i rundt 15 minuttar på personalmøte. I løpet av den tida gir dei mest mulig informasjon om det å bli fosterforeldre.

— Me er blitt veldig godt tatt imot, seier Brekke som håpar på respons når det har gått ei stund.

Han og kollegaer har alt vore på 14-15 personalmøte i Haugesund og kommunane rundt. Blant anna Etne omsorgssenter og Skånevik omsorgssenter. Det kan bli aktuelt å gjera framstøyt i Vindafjord utpå nyåret.

Direkte kontakt

Før kampanjen starta sendte Bufetat ut informasjon til ordførarar i kommunane. For å nå ut til dei som jobbar i helse- og omsorgssektoren, vil Bufetat halda fram med å ta direkte kontakt med arbeidsplassar kor desse yrka er representerte, for eksempel sjukeheim, gamleheim, institusjonar eller legevakt.

— Håpet er at nokon av dei som deltar på personalmøta blir såpass interesserte at dei tar kontakt med oss for ein heilt uforpliktande prat. Eller at dei kjem på informasjonsmøte, seier Marianne Hammer, også ho rådgjevar i Bufetat.

— Dersom det er andre offentlege etatar, eller private bedrifter eller organisasjonar som ønskjer besøk, så er det berre å ta kontakt. Me har opplegg som kan tilpassast både i tid og form, seier ho.

— Fantastisk å hjelpa

I 2010 blei det gjennomført ei stor, nasjonal undersøking der alle norske fosterheimar fikk høve til å svara.

— Den viser kvifor så mange finn det meiningsfullt å vera fosterforeldre, seier Hammer.

I undersøkinga svarer nesten alle at «det er fantastisk å hjelpa eit barn til ei betre framtid», og at «det er ei beriking for heile familien». Dei fleste svarer også at det å vera fosterforeldre «er ei oppleving me ikkje ville vore forutan.»

Etter at Bufetat er ferdig med helse- og omsorgssektoren ein gong neste år, vel dei ut ei anna yrkesgruppe dei vil satsa på.

— Det finst gode fosterforeldre i alle grupper, seier Ole Herman Brekke.