Illustrasjonsfoto av ein gjeng frå Hamar på tur. Fleire av desse turgåarane har demens, og tur regelmessige turar i skog og mark gir gevinst både for trivnad og for livskvalitet.

Foto: Paal Audestad
Illustrasjonsfoto av ein gjeng frå Hamar på tur. Fleire av desse turgåarane har demens, og tur regelmessige turar i skog og mark gir gevinst både for trivnad og for livskvalitet. Foto: Paal Audestad

Demens kan råka alle

Når årets tv-aksjon går av stabelen, har ordførarane i begge kommunane våre ei felles bøn. Ta godt i mot dei som ringjer på døra di, og gi eit bidrag til ei svært viktig sak.

Kommande søndag kan du rekna med at det ringjer i dørklokka di, og at personen som står på trappa er ein smilande person med bøsse i handa. Det er klart for den årlege tv-aksjonen, og i år går pengane til Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt arbeid med demens.

Både ordførar Sigve Sørheim i Etne og ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord håpar at innbyggjarane skal hugse på aksjonen denne dagen, og ikkje minst vera med å gi eit bidrag.

— Folkesjukdom

— Det er viktig at ein bidreg til eit slikt viktig føremål som demens, for dette er noko som kan råka alle. Det er behov for midlar og at ein skal kunne ha eit tilbod i forhold til demens i kommunane. Det er viktig at slike tilbod ikkje blir stoppa grunna pengemangel, seier ordførar Sørheim.

Ordførar Vierdal fortel at demens er svært omfattande, og kallar denne sjukdommen for notidas folkesjukdom.

— Mange kjenner nokon som er råka, så dette angår så mange fleire enn berre dei som har sjukdommen. Eg skal ikkje be folk sitja inne på søndag om det blir godt vêr, men eg håpar folk bidreg sjølv om dei ikkje skulle vera heime når det ringjer på døra. Ein kan bidra både over giro og over telefon, seier Vierdal.

dette angår mange fleire enn berre dei som har sjukdommen

70.000 med demens

Ifølgje nettsida for årets tv-aksjon er har over 70.000 menneske i Noreg Alzheimer eller annan form for dementsjukdom. Ein trur også at talet på råka personar i løpet av dei neste tiåra vil dobla seg.

Dei ulike demenstypane har til felles at dei angrip dei funksjonelle hjernecellene, og gradvis blir svekka. Det betyr at enkle ting som å hugsa, snakka, gjenkjenna ting, situasjonar og personar blir ei stor utfordring og etterkvart umogeleg for dei som blir råka.

300.000 personar i Noreg opplever at til dømes partnaren, søsken, eller barn forsvinn litt etter litt, og det er på ingen måte berre «dei gamle» som kan få denne sjukdommen.

Vil gi løft til forsking

Gjennom tv-aksjonen skal ein styrkja tilbodet til menneske med demens og deira næraste familie. Det er ein nådelaus sjukdom, men med hjelp og aktivitet kan dei gode dagane bli både fleire og betre.

Demenssjukdommen spreier seg etterkvart til store deler av hjernen, og vil til slutt ramma livsviktige funksjonar og personen døyr av sjukdomen. Enno er det ingen medisin eller vaksine mot sjukdommen, men tv-aksjonen skal gi eit løft til forskinga, slik at demensgåta etterkvart skal bli løyst.

Villige bøsseberarar

Både Etne og Vindafjord kommune er klare for aksjonen kommande søndag. Bøsseberarane er bort i mot på plass, og mens Etne kommune har behov for 50 frivillige som skal gå frå dør til dør i heile kommunen, har Vindafjord behov for 120.

Ifølgje ordførarane har det vore ein grei jobb å skaffa bøsseberarar. Komiteane som har stått for å ringja rundt til bygdefolket for å spørja om dei vil vera med å bidra, fortel at folk er positive og ikkje vanskelege å be.

Begge kommunane vil også vera med å bidra med pengegåver til aksjonen. Vindafjord kommune kjem til å gi 15.000 kroner, mens Etne kommune har bestemt seg for å gi 20.000 kroner.

Faktaboks:

Tv-aksjon 2012 Amnesty Internastional Norge

Kommune Gj.snitt kr per innbyggjar i kommunen Gj.snitt kr per innbyggjar i Noreg Rangering i kommune- oversikta Rangering i fylket
Etne 53,21 39,85 95. plass 12. plass
Vindafjord 45,57 39,85 174. plass 14. plass