To menn i 40-årsalderen blei onsdag innlagt på sjukehuset etter det som tyder på overdose. Dei to sat på bussen frå Ølen til Haugesund då dei blei dårlege.
Begge er innlagt på sjukehus i Haugesund. Politiet kan førebels ikkje seia kva som ligg bak, men har mistanke om at det dreier seg om overdose med GHB.