— Mange forbind Sandfrakt med frakt av sand, og det var også der det heile begynte, men i dag er selskapet eit moderne stykkgods- og bulkreiarlag som transporterer ulike sortiment av varer. Me meiner at eit skifte av namn var nødvendig for betre å få frem kva me eigentleg driv med, seier dagleg leiar Sindre Matre.
Arriva er eit italiensk verb som betyr «kjem». Difor passar dette godt til eit reiarlag som stadig er i bevegelse og utvikling, kjent for å vera punktleg og til å stola på, seier han.
Over 40 år
Sidan Sandfrakt blei etablert i 1972 har reiarlaget gått under same namn. Då 40-årsjubileet blei markert i fjor, skjedde det parallelt med ein modningsprosess kor eigarar, leiing og tilsette såg at det var på tide med eit namneskifte.
Arriva Shipping eig, befraktar og driv ni egne skip, i tillegg til å leiga inn skip til oppdrag. Åtte av skipa er sjølvlossarar og eitt er containerskip. Flåten er moderne med MS «Norbris», ein 5.500-tonnar bygd i 2002, som siste tilskotet på stamma. «Norbris» blei kjøpt inn hausten 2012.
Reiarlaget i Vindafjord sysselset 132 sjøfolk – av desse er 27 norske, inkludert tre matroslærlingar, forutan ni tilsette på kontoret i Ølensvåg. Konsernet hadde i 2012 ein omsetning på 187 millionar kroner.
— Trass krevjande tider etter finanskrisa i 2008, har Sandfrakt klart seg bra, skriv selskapet i ei pressemelding.
Når reiarlaget nå skiftar namn, er det med utgangspunkt i sunne økonomiske resultat.
— Samtidig med skiftet av namn, endrar me også logoen vår, men det blir dei same fargene i, og «S»-en i det gamle namnet tar me med oss i det nye uttrykket, seier Sindre Matre.