Illustrasjonsfoto: Arne Frøkedal
Illustrasjonsfoto: Arne Frøkedal

Alvorleg skada i eksplosjon

Politiet mottok onsdag kl 10.53 melding om eksplosjon i ei gassflaske i Etne.

— Ein mann er skada. Politi og ambulanse er på veg til staden, opplyser operasjonsleiar Oddvar Olsen ved Haugland og Sunnhordland politidistrikt.

Siste: Politiet opplyser at mann i 60-åra er alvorleg skadd og er transportert til Haukeland universitetssjukehus i Bergen med brannskade.

— Det er mogeleg at ein lekkasje i propanflaske inne i eit drivhus er årsaka til eksplosjonen, opplyser operasjonsleiaren.