Årets september har vore blant dei varmaste nokon gong. Ifylgje Meteorologisk institutt var snittemperaturen i landet 2,0 grader over normalen denne månaden. September blei dermed den sjette varmaste i ein serie som går heilt attende til 1900.
Også ved den offisielle målestasjonen i Vats har årets september vore blant dei aller varmaste. I snitt var temperaturen 11,9 grader som er heile 2,2 grader over normalen.
Månaden sett under eitt var varmare enn årets mai (10,8) og nesten like varm som juni (12,8). Varmaste septemberdag i Vats var 7.9. då det blei målt 23,2 varmegrader. Landets varmaste dag i september blei registrert i Stjørdal dagen etter med 26,3.
Nedbør
På landsbasis blei årets første haustmånad også fattig på nedbør med berre 60 prosent av normalen. Meteorologisk institutt sin statistikk attende til 1900, fortel at dette var den tiande tørraste i Noreg.
Men variasjonane er store og i Vats blei det målt 266,0 mm nedbør, den våtast månaden sidan november i fjor. Normalen i september er 173,0 mm.
Dagsrekorden på 37,5 mm, kom i same døgn som også var september sin varmast dag. Statistikken frå Vats viser elles at det var heile ti dagar i siste månad utan ein einaste regndrope.