Lastebil med plastsøppel hamna i Sørelva på Mo. Foto: Arne Frøkedal
Mykje plastsøppel rann ut i elva då ein lastebil med plastsøppel hamna i Sørelva på Mo oktober 2013. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Elva full av søppel

Ryddarbeidet vil ta fleire dagar.

Ein  lastebil frå det danske transportfirmaet Kim Johansen, fullasta med restsøppel hamna i elva like aust for Etne litt før kl 14.00 torsdag. Grannar får opplyst av politiet at sjåføren kom seg ut av bilen tilsynelatande uskada. Han er sendt til legesjekk.

Både politi, brannvesen og ambulanse rykte ut då det kom melding om utforkøyring på E134 eit par kilometer aust for Etne sentrum.

Sjåføren på vogntoget som kom frå vest, greidde ikkje den kvasse svingen på Mo og hamna i Sørelva. Køyrtøyet smadra autovernet på brua og blei liggjande på sida nede i elva med førarsida ned.

Sørelva renn inn i Etneelva like nedafor ulykkesstaden. Skapet på lastebilen blei slått sundt i fallet, slik at ei stor mengde av søppellasta hamna i elva,  og ein god del av dette blei ført nedover i det lakseførande vassdraget.

Det er førebels uklart kva som var årsaka til ulykka. Det er store materielle skadar, både på vogntoget og på brua.

Semitraileren hadde 29 tonn restsøppel som last, og Etne kommune ved lokalt brannvesen, Sivilforsvar, Røde Kors med fleire dreiv opprydding i det nasjonale vassdraget ut over dagen.

Politiet opplyser at sjåføren, ein mann i 30-åsalderene frå Romania, var på veg frå Stord til Oslo då uhellet i den krappe venstresvingen skjedde.

Siste

Traileren er berga opp av elva i løpet av natta, men trafikkflyten frå åstaden er redusert. Det står framleis opp ein god del opprydding nedover elva, og dette vil truleg ta fleire dagar med å fjerna plastposar og anna søppel.