UP gjennomførte tysdag fartskontroll på E134 i Isvik. I alt blei åtte bilførarar stansa etter å ha blitt målt med for høg fart i 60-sona.
Politiet opplyser at det blei skrive ut sju forenkla førelegg. I tillegg blei ein sjåfør anmeldt og fekk førarkortet inndrege etter å ha køyrt i 87 km/t.