Chris Jespersen (30) annonserte på førehand at han har høge ambisjonar før årets skisesong etter eit tøft treningsopplegg. Det fylgde han opp med ein sterk tredjeplass under fredagens opningsstemne på Beitostølen.
Det var til sutt Martin Jonsrud Sundby som vann dagens 15 km i klassisk stil. Sigeren var knapp, 1,3 sekundar føre Eldar Rønning.
Jespersen frå Skånevik som vann tilsvarande renn for eitt år sidan, tok tredjeplassen. I mål var han 8,3 sekundar bak vinnaren.
Petter Northug var blant dei mange landslagsløparane som måtte sjå seg slått av 30-åringen frå Skånevik, som representerer Byåsen IL/Team United Bakeries. Northug kom på 61. plass, nesten tre minuttar bak Jonsrud Sundby.
Les meir om helgas opningsrenn i måndagens Grannar.