Agnes Ravatn si bok Fugletribunalet blir i desse dagar dramatisert på Det Norske Teater, og for tredje gong er oppsetjinga forlenga. Planen var ut juni, men no er stykket sett opp ut februar 2016   Foto: Det norske samlaget
Agnes Ravatn si bok Fugletribunalet blir i desse dagar dramatisert på Det Norske Teater, og for tredje gong er oppsetjinga forlenga. Planen var ut juni, men no er stykket sett opp ut februar 2016 Foto: Det norske samlaget

Nominert til bokpris

Forfattar Agnes Ravatn er nominert til ungdommens kritikarpris.

I alt åtte bøker er nominerte til å tevle om ungdommens kritikarpris, og forfattaren frå Ølen deltar med romanen Fugletribunalet som kom ut tidlegare i år.

Det er ein nominasjonsjury frå kritikarlaget som har valt ut bøkene ungdommane skal vurdere, og kjende namn som Roy Jacobsen og fjorårets vinnar av Nordisk råds litteraturpris, Merethe Lindstrøm, er med.

Dei unge som skal lese bøkene, er sju klassar i vidaregåande skular fordelte ut over landet.

Tre kritikarar frå NRK, Vårt Land og Morgenbladet hadde som mandat å nominere dei åtte beste skjønnlitterære bøkene i 2013. Dei tre i nominasjonsjuryen påpeikar at Fugletribunalet er skriven i ein intens thriller-stil med sterkt blikk for menneskeleg sjølvforakt, og at boka er vittig og særs mogen på same tid.

Juryklassane på dei sju skulane har fire månader på seg til å lese bøkene, og den 13. mars neste år blir vinnaren kåra på Litteraturhuset i Oslo. Det er Foreningen !les som står bak prisen.

Ravatn er i vinden som forfattar, og for eit par veker sidan vart det kjent at ho er vald til festspeldiktar under dei nynorske festspela neste år.