Laurdag tok Jespersen ein sjuandeplass på 10 kilometer klassisk og søndag ein åttandeplass i jaktstart 15 kilometer fristil. I dag vann Martin Johnsrud Sundby jaktstarten med to russerar tett bak, og han tok dermed førsteplass i minitouren samanlagt i Finnland.
Og andre beste norske var altså løparen frå Skånevik med ein åttandeplass samanlagt. Det er også den same plasseringa han hadde han på 15 kilometer fristil i dag.
— Eg visste at eg mangla finishen i ein fellesstart, sjølv om eg var sprekare i dag enn i går, sa Jespersen til langrenn.com etter fristilløpet søndag.
Der sa han også at han føler seg inne på det norske verdscuplaget, men han må nok også prestere på Lillehammer komande helg dersom han skal få plass på laget i Davos neste helg.
Jespersen sa til NRK TV etter 10 kilometeren i Kuusamo på laurdag at det var det beste klassiske løpet han har gjennomført.