Tveit Regnskap AS sine tal over inntektsutviklinga i haugalandsjordbruket viser at bonden ikkje greier å halda tritt med andre grupper i arbeidslivet. Skattbar næringsinntekt var i praksis uendra frå 2011 til i fjor. Resultat etter renter og avskriving viste ein nedgang på 340 kroner i snitt for dei 224 bruka som er med i analysen.
— Utifrå dei politisk styrte rammevilkåra er desse tala overraskande, men me som driv med rekneskap til dagleg, har sett denne trenden, seier Andreas Lundegård som står bak talmaterialet hos Tveit Regnskap.
Går i null
Tveit Regnskap AS i Vindafjord fører rekneskapen for i 1.500 gardsbruk i regionen. I løpet av ein 30-årsperiode har selskapet fylgt inntektsutviklinga på omlag 250 – 300 av desse bruka. Tala som nå er lagt fram, er baserte på familiebruk på halvanna til to årsverk med hovudinntekta si frå jordbruket.
Det spesielle med materialet er at det er brukt faktiske tal frå rekneskapet og at det er dei same bruka som er nytta som grunnlag i heile perioden.
Hovudkonklusjonen er at resultat før avskrivingar auka med omlag 17.000 kroner i 2012. Denne gevinsten endar i null når det er tatt høgde for auke i avskriving og rentekostnader. Utan rasjonalisering og vekst i produksjon som har pågått over fleire år, hadde tala vore endå svakare.
— Det som går godt er pelsdyr, kylling, høns og egg, noko me har lite av i regionen. Våre prognosar tilseier at haugalandsbonden også får det tøft i inneverande år, seier Lundegård.
Bra i mjølk
Tveit Regnskap sin analyse tar for seg dei ulike produksjonane. Her kjem mjølkebonden best ut, mykje grunna stor etterbetaling frå meieria. I tillegg var det eit løft i pris og auka produksjon.
— Haugalandsbonden produserer nå i snitt 160 tonn per bruk, og fjorårets auke i mjølkepris utgjer isolert sett ein inntektsvekst på 51.000 kroner. Dessverre blir ikkje alt verande att hjå bonden; kostnadsvekst gjer at kring halvparten – eller 25.000 kroner – forsvinn etter vegen, seier Lundegård.
Dette forklarer han med auka kostnader på kraftfôr, grovfôr/gjødsel og andre utgifter i drifta. I snitt tener den lokale mjølkebonden 23.000 kroner per årsku, eller 3,50 kr per liter.
Overproduksjon
Verst inntektsutvikling i 2012 hadde dei som driv med gris. Her var det stagnasjon eller svak nedgang i resultat.
— Grisebøndene hadde toppnotering inntektsmessig i 2010 og 2011. Denne trenden ser ut til å ha flata ut og snudd noko i fjor. Tidlegare var ofte overproduksjon årsaka til svakare lønsemd i svinenæringa, men bildet er noko endra nå. Produksjonen har vore nokolunde stabil, men det er etterspurnaden som har endra seg – ein har sett eit tiltakande overskot av svinekjøt grunna fallande marknad og dreiing av etterspurnaden mot andre kjøtslag som kylling, seier Andreas Lundegård.
Dekningsbidraget per slaktegris gjekk i snitt ned med 20 kroner eller 42.000 kroner for ei konsesjonsbesetning, 2.100 slaktegris. Smågrisprodusentane har merka den negative utviklinga mest med ein nedgang som tilsvarer godt over 150.000 kroner for ei konsesjonsbesetning. Lundegård trur at dette er ein situasjon som vil vara til ut i 2014.
Investeringar
Heller ikkje produksjonar innan storfe- og sauekjøtt kom godt ut i 2012, trass underdekning i marknaden. Talmaterialet til Tveit Regnskap viser for svak økonomi, og at prisveksten på varene blir eten opp av kostnadsvekst.
Overføringane frå staten auka i snitt med om lag 15.000 kroner per bruk. Dette skuldast delvis auke i tilskotssatsar, men også auka produksjon/tilskotsgrunnlag.
Investeringsnivået i næringa var stabilt i 2012, men det var ei dreiing mot meir investering i bygningsmasse på bekostning av maskinar.
— I snitt investerte haugalandsbonden 105.000 kroner i nybygg og 151.000 kroner i maskinar. Det er spesielt i dei grovfôrbaserte produksjonane ein ser det blir investert, og i mindre grad kraftfôrkrevjande. Årsaka til dette ligg i overproduksjon på svin, med tilhøyrande vegring frå finansinstitusjonane til å finansiera nye prosjekt, heiter det i rapporten frå Tveit.
Her går det også fram at inntekt utanom bruket aukar jamt og trutt, og er nå kome opp på 362.000 kroner i snitt, ein auke på 25.000 kroner samanlikna med året før.