Det var den 56 år gamle Svein Bjarne Winthertun, busett i Skånevik som omkom i brannen torsdag kveld.
Både politi, brannvesen med røykdykkarar og ambulanse rykte torsdag kveld ut til ein brann i eit bustadhus i Skånevik. Operasjonsleiar Rune Plassen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt stadfester overfor Grannar at det dreier seg om ein dødsbrann.
— Det er funne ein livlaus person inne i huset, opplyser han.
Brannen blei meldt kl 20.40, og brannvesenet rykte straks ut med to bilar. Operasjonsleiar fortel at det brann godt inne i huset og at det var stor røykutvikling.
Han kan førebels ikkje seia meir om omstenda rundt brannen, men fortel at politiet er på staden og gjer sine undersøkingar.
Brannvesenet har kontroll på brannen, men det er truleg store innvendige skadar sjølv om huset ikkje har brunne ned.
Siste:
Det var ein mann i 50-åra som blei funnen død i bustaden sin.
— Det er beslutta obduksjon, men det er ikkje klart når den vil finna stad. Brannårsaka er ukjent. Åstaden vil bli undersøkt av politiet sine kriminalteknikarar, opplyser operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan fredag morgon.
Saka blir etterforska av Vindafjord lensmannskontor.