Det tok nesten elleve år frå Chris Jespersen blei juniorverdsmeister i langrenn til han sikra seg si første individuelle pallplassering i eit World Cup-renn. På laurdag fekk skåneviksbuen endeleg løn for strevet.
— Det har vore ein lang og kronglete veg mot toppen, men det har vore verdt det, sa Chris etter at han hadde blitt nummer to på 30-kilometeren i Davos. Det var berre ein franskmann som disponerte kreftene like godt som det Korlevoll-løparen gjorde. Han kunne til slutt strekka armane i veret.
Skulle gjerne stått øvst
Jespersen la ikkje skjul på at han kunne ha tenkt seg og stått på det øvste trinnet på sigerspallen i den sveitsiske skøytemetropolen. Men var på inga måte einig i legendariske Knut Kuppern Johansens si uttale om at sølv er nederlag.
— Eg er langt meir fornøgd med at det blei andreplass, enn eg er skuffa over at sigeren glapp. I dag må eg vera så ærleg å sei at eg tapte for ein utøvar som var betre enn meg. Eg hadde den fordelen at eg kunne gå på hans tider. Det var ikkje nok til at eg klarte å hente dei godt og vel tre sekundane som han slo meg med, sa Jespersen på den internasjonale pressekonferansen.
Det var fleire som var overraska over at det var to løparar som ikkje var på det norske landslaget som var med og kjempa om sigeren. Simen Sveen var den andre.
— Eg er langt meir fornøgd med at det blei andreplass, enn eg er skuffa over at sigeren glapp.
Chris Jespersen har gått fleire 30-kilometarar i Davos. Men har som han uttalte det slite med å prestera i den tynne lufta i den flotte alpelandsbyen. Først i år skulle det lukkast å knekka høgdekoden. Jespersen hadde inga rå kjensle undervegs. Han følte det gikk jamt men ikkje spesielt fort. Det er gjerne slik kroppen reagerer på høgda og den tynne lufta. Jespersen fekk jamleg oppdateringar om korleis han låg an i forhold til dei beste. Laurdagens toar som har jobba som tømrar, visste derfor at han kjempa om sigeren.
Verdspressa interessert
Han fikk mot slutten melding om at karrierens første verdscupsiger kunne være innan rekkevidde. Jespersen hadde likevel ikkje høve til å henta dei siste sekundane. Mørkluggen visste det var fleire som gjekk fort og at han måtte halda dampen oppe dersom det skulle bli pallplassering. Det klarte Jespersen som var ein av utøvarane den internasjonale sportspressa ville vita meir om.
Les meir om Jespersen i dagens avis